Rektor

Rektor

Fulltid

Sogn Jord og- Hagebruksskule

Sogn Jord- og Hagebruksskule ligg sentralt i Aurland kommune, og er ein vidaregåande skule med landslinje i økologisk landbruk med plass til 52 elevar. Eit allsidig økologisk skulegardsbruk er sentralt i undervisinga.  Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og ressurssenter for utviklingsprosjekt.

Målsetjinga til skulen er å vera ein kreativ samfunnsaktør innanfor økologisk landbruk og næringsutvikling i landbruket.

Kompetansenavet Vest er også lokalisert til skulen, og er eit tilbod til småskala matbedrifter.

Vi søkjer deg som
  • set elevane si læring og deira utvikling i sentrum
  • har evne til å setje retning og vidareutvikle skulen
  • er utviklingsorientert og engasjert
  • skapar gode samarbeidsrelasjonar med eksterne samarbeidspartar
  • etablerer FoU og innovasjonsprosjekt som fremjar kunnskapsutvikling innan økologisk landbruk
  • skapar eit godt og inkluderande arbeids- og læringsmiljø
  • har gode leiareigenskapar og leiarerfaring
  • god gjennomføringsevne i forhold til politiske og administrative vedtak
Kvalifikasjonar
  • stette dei formelle krava i Opplæringslova § 9-1: ”Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar”.
  • ha kunnskapar og engasjement for økologisk landbruk og næringsutvikling i landbruket
  • personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i tilsettinga.
Vi tilbyr
  • gjevande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • å vere ein del av eit stort kompetansemiljø i sektor for opplæring og kompetanse
  • støtte til utvikling, leiing og styring av skulen
  • god dialog, tett kontakt, og samarbeid mellom rektorane og fylkesdirektøren for opplæring og kompetanse
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter avtale
Andre opplysningar
  • Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest
  • Stillinga har seks månader prøvetid
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • For fleire opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med områdeleiar Rolf Årdal, rolf.ardal@vlfk.no,  mob. 91819546