Rådgiver

Rådgjevar innan skog- og utmarksforvaltning

Fulltid

Alver Kommune

Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune! Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.»

For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene kommune er tillagt treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar – som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

 

Rådgjevar innan skog- og utmarksforvaltning – 100% fast stilling


 

Meland kommune har ledig stilling som rådgjevar innan skog- og utmarksforvaltning. I 2019 vil oppgåvene i praksis vere samordna mellom Meland, Radøy og Lindås kommunar. Frå 01.01.2020 blir dei tre kommunane slått saman til Alver kommune.

Landbruk er ei av fire avdelingar under tenesteområde arealforvaltning i Alver. Det er lagt opp til eit tverrrfagleg samarbeid med dei tre andre avdelingane; plan og byggesak, kart og oppmåling, miljø og tilsyn, og med andre sektorar som t.d. samfunnsutvikling. Sektoren Samfunnsutvikling har m.a. ansvaret for kommuneplanen og næringsutvikling. Kontorstad i 2019 er rådhuset på Frekhaug ved plan, utbygging og kommunalteknikk i Meland kommune. Frå 2020 vil dei tre landbrukskontora vere samla i eit fagmiljø i Alver, med ein landbrukssjef og fem rådgjevarar.

I regionen er det om lag 500 aktive bønder og kjøtt- og mjølk er dei største produksjonane.  Alver vil bli ein stor skogbrukskommune;  årleg avvirking i 2018 var om lag 70 000m3. Det vart tildelt  om lag 1300 fellingsløyve for hjort.

Det nye kontoret har som mål å vere imøtekomande, løysingsorientert, ha god fagkunnskap, lytte til innbyggjarane og til medarbeidarane, for å bidra til eit  godt og robust landbruksmiljø i regionen.

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåvene omfattar saksbehandling og oppfølging av saker innan viltforvaltning, innlandsfiske, utmark- og miljøforvaltning, med nær kopling mot kommunen si arealplanlegging.
  • Stillinga er sjølvstendig og du vil kunne påverke eigen arbeidskvardag.

Kvalifikasjonskrav

  • Vi søkjer deg som har relevant utdanning innan utmarksforvaltning, helst på masternivå, minimum bachelornivå.
  • Relevant erfaring innan skog- og viltforvaltning er av stor betydning.
  • Du må like utstrakt kontakt med ulike partar, grunneigarar og aktørar, samstundes som du må kunne ta ansvar og arbeide sjølvstendig.
  • Du må sjå verdien av ei tverrfagleg tilnærming til oppgåvene, kunne formulere deg godt skriftleg og ha forståing for samfunnsoppdraget.

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale.
  • God pensjonsordning.

Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem.

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju.

Kontaktpersoner: Laila Bjørge,  Landbrukssjef i Meland, mobil: 95735405,  laila.bjorge@meland.kommune.no

Anny Bastesen, Sektorsjef Teknisk Meland, mobil: 40038893, anny.bastesen@meland.kommune.no