Rådgiver

Rådgjevar i jord- og plantekultur og Rådgjevar landbruksbygg

Vikariat

NLR Vest

Rådgjevar i jord- og plantekultur

NLR Vest ynskjer å tilsetje vikar for rådgjevar i jord- og plantekultur i 100 % stilling snarast. Vikariatet gjeld i eitt år, med moglegheit for fast tilsetjing. Søkjarar må ha god kompetanse og interesse for grønsaks- og potetproduksjon, og halvparten av arbeidstida skal nyttast for å følgje opp medlemar med grønsak- og potetproduksjon i Lærdal.

Resten av arbeidstida vert rådgjeving i grovfôrdyrking, men hausten 2020 kan det også verte behov for å vere med på forsøkarbeid i frukt og bær. Ved behov, eller om søkjar har spesielle kvalifikasjonar, kan også andre arbeidsoppgåver leggjast til stillinga. Kontorplass er på Njøs frukt- og bærsenter, Leikanger. I sesongen vert minst ein arbeidsdag i veka i Lærdal, for oppfølging av medlemar og oppgåver. Rådgjevaren vil vere tilslutta faggruppe jordbruk, og vil arbeide i eit offensivt landbruksfagleg miljø med rådgjeving, kursverksemd, informasjon og kunnskapsutvikling. NLR Vest tilbyr bøndene tett oppfølging og rådgjeving, med fokus på god agronomi, miljø- og klimavenleg produksjon. Rådgjevarane i NLR Vest skal vere gode støttespelarar for medlemane, slik at dei oppnår eit godt økonomisk resultat for si verksemd.

Søkjarar med lite eller ingen praksis som rådgjevar, får tilbod om opplæring og oppfølging.

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving og informasjon til medlemane våre
  • Vidareutvikle rådgjevingstilboda i regionen saman andre rådgjevarar og samarbeidspartnarar
  • Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk
  • Vere oppdatert på siste nytt innan aktuelle fagområde

Vi tilbyr:

  • Variert og utviklande arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa
  • Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning
  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ynskjer ein medarbeidar med:

  • God kunnskap innan jord- og plantekultur, spesielt grønsak- og poteproduksjon
  • Universitets- eller høgskuleutdanning innan agronomi/plantevitskap, gjerne med praktisk erfaring
  • Interesse for å utvikle landbruket i regionen
  • Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd.

For meir informasjon om stillinga kontakt: fagleiar jordbruk Dag-Arne Eide, dag-arne.eide@nlr.no mob. 958 12 790, eller dagleg leiar Liv Lyngstad, liv.lyngstad@nlr.no , mob. 982 45 830.

Søknadsfrist: 20. mai 2020

Rådgjevar landbruksbygg

Vi søkjer etter vikar som rådgjevar i landbruksbygg i 100 % stilling. Vi har god tilgang på oppdrag, så det er gode moglegheiter for fast tilsetjing vidare. Stillinga er plassert ved hovudkontoret vårt på Sandane i Gloppen kommune.

Teamet vårt på bygg har tre medarbeidarar. Dei har desse oppgåvene:

  • Forprosjektering og kalkulering av alle typar landbruksbygg
  • Prosjektering og dimensjonering av betong, stål og trekonstruksjonar
  • Prosjektleiing og byggeplassadministrasjon
  • Utarbeide konkurransegrunnlag og gjennomføre anbodsrundar
  • Kontrahering med entreprenørar på vegner av kundane
  • Tilstandsanalyse av eksisterande bygg
  • Bidra til å utvikle vårt rådgjevingstilbod innan landbruksbygg

Rådgjevaren vil arbeide i eit offensivt landbruksfagleg miljø med rådgjeving, kursverksemd, informasjon og kunnskapsutvikling. NLR Vest tilbyr bøndene tett oppfølging og rådgjeving. Rådgjevarane i NLR Vest skal vere gode støttespelarar for medlemane, slik at dei oppnår eit godt økonomisk resultat for si verksemd. Søkjarar med lite eller ingen praksis som rådgjevar, får tilbod om opplæring og oppfølging.

Vi ynskjer ein medarbeidar med desse kvalifikasjonane:

  • Høgare utdanning innan byggfag eller landbruk, med interesse for landbruksbygg
  • Erfaring frå prosjektering og kalkulasjon av bygg
  • Erfaring frå prosjektleiing og byggeplassadministrasjon
  • BIM-kunnskap og erfaring frå bruk av program som ArchiCAD og Focus konstruksjon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Gode datakunnskapar, vane med data som arbeidsverktøy
  • Relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning
  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd.

Vi legg vekt på at søkjar har desse personleg eigenskapane:

  • er serviceinnstilt og initiativrik
  • er praktisk orientert
  • har gode samarbeidsevner, men også evne til sjølvstendig arbeid

Vi tilbyr:

  • Variert og utviklande arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa
  • Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning
  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

For meir informasjon om stillinga kontakt: fagleiar jordbruk Kolbjørn Taklo, kolbjørn.taklo@nlr.no mob. 913 96 560, eller dagleg leiar Liv Lyngstad, liv.lyngstad@nlr.no , mob. 982 45 830.

Søknadsfrist: 20. mai 2020