Leder

Landbrukssjef

Fulltid

Hemsedal kommune

Landbrukssjef – Hemsedal kommune

Er du vår nye kollega?

Teknisk etat har ledig stilling som landbrukssjef. Den ligg til fagavdeling landbruk som er ein del av teknisk etat. Fagavdelinga utgjør 2,1 i stillingsressurs. Stillinga rapporterer til leiar av teknisk etat.

Sentrale arbeids- og forvaltningsoppgåver:

  • Ansvar og rettleiing innan saksfelta jord-, skog og konsesjonslov
  • Overordna ansvar for forvaltning og oppfølging av tilskotsordningane i landbruket
  • Pådrivar og ansvarleg for næringssaker innan tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar i landbruket
  • Saksbehandling innan saksfeltet forureiningslov, plan- og bygningslov kan bli lagt til stillinga
  • Overordna ansvar for «Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag»
  • Oppfølging av buplikt jfr. nedsett konsesjonsgrense
  • Drive utadretta informasjonsarbeid innanfor fagområdet

Det kan tilleggast andre forvaltningsoppgåver til stillinga:

  • Sekretær for hovudutval for plan og ressurs og viltnemda
  • Delta i ressursteam grunnkjøp
  • Saksbehandling for kommunalt næringsfond

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Relevant jord- eller skogbruksfagleg kompetanse, fortrinnsvis høgskule-/ universitet
  • Praksis frå offentleg / privat forvaltning med vekt på jord, skog, areal- og miljøspørsmål
  • Personlege eigenskapar, fleksibilitet, samt evne og vilje til samarbeid vil bli vektlagt
  • Førarkort klasse B
  • Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evne til samarbeid og arbeidsglede.

Vi kan tilby:

  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Fleksitid
  • Kommunen vil hjelpe til med å finne bustad

Generell informasjon:

  • Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
  • Kommunen har eit språknøytralt administrasjonsmål, men overordna dokument skal utformast på nynorsk
  • Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess på www. hemsedal.kommune.no:

Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar skal lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.

Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune!

Om arbeidsgiveren

Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2480 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv.
Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.