Rådgiver

Landbruksrådgjevar

Fulltid

Landbruk Nordvest

Landbruk Nordvest tilbyr rådgjevings og arbeidsformidlingstenester til landbruket i Møre og Romsdal. Landbruk Nordvest har om lag 1 300 medlemar. Omsetninga i 2018 var på om lag 65 mill kr. Landbruk Nordvest har registrerte verksemder i Ørsta, Herøy, Valldal, Molde, Elnesvågen, Tingvoll, Sunndalsøra, Surnadal og Aure.

Vi ynskjer å styrke vårt tilbod på rådgjeving  innan jord  og  plantekultur og  søkjer med  dette etter

 

Landbruksrådgjevar i 100% stilling med kontorstad Surnadal/Tingvoll

Vi søkjer etter  ein person  med universitets- eller  høgskuleutdanning, med  interesse for, og  kunnskapar om rådgjeving  i jord- og plantekultur. Stillinga er tillagt ansvar for rådgjeving  i grovfôrproduksjon i region Indre Nordmøre. Økonomisk rådgiving/kornproduksjon kan også vere aktuelle arbeidsfelt.

For stillinga gjeld at erfaring i bruk av aktuelle planleggings- og analyseverktøy vil bli tillagt vekt, likeeins evner til god munnleg og skriftleg formidling .

Rådgjevaren vil arbeide tett opp mot resten av rådgjevarkollegiet i Landbruk Nordvest.

Søkjarane må disponere eigen bil. Oppstart snarast mogeleg. Løn etter avtale.

Nærare opplysningar om stillingane hjå avdelingsleiar rådgjeving Jon G. Lied tlf 41 44 87 79, eller dagleg leiar Rune Sjåholm tlf 41 90 00 31.

Søknad med CV blir å sende:

Landbruk Nordvest v/ dagleg leiar, Fannestrandsvn 63, 6415 MOLDE,  eller e-post : rune.sjaholm@nlr.no

Søknadsfrist:               01.06. 2019