Rådgiver

Landbruksrådgjevar

Vikariat

Landbruk Nordvest SA

Landbruk Nordvest SA tilbyr rådgjevings- og arbeidsformidlingstenester til landbruket i Møre og Romsdal. Landbruk Nordvest SA har om lag 1300 medlemar. Omsetninga i 2019 var på om lag 69,5 mill. kr. Landbruk Nordvest SA har avdelingskontor i Ørsta, Valldal, Molde, Tingvoll og Surnadal.

Da ein av våre rådgjevarar i indre Nordmøre skal ha permisjon, søkjer vi:

Landbruksrådgjevar

i 100% stilling, i eit vikariat for eitt år

Vi søkjer etter person med universitets- eller høgskuleutdanning, med interesse for, og kunnskapar om rådgjeving i jord- og plantekultur. Personar med lågare utdanning, men med
relevant praksis, kan også vere aktuelle Stillinga er tillagt ansvar for rådgjeving i grovfôrproduksjon i region indre Nordmøre. Andre oppgåver kan verte lagt til.

For stillinga gjeld at erfaring i bruk av aktuelle planleggings- og analyseverktøy, vil bli tillagt vekt. Likeins evner til god munnleg og skriftleg formidling .

Rådgjevaren vil arbeide tett opp mot resten av rådgjevarkollegiet i Landbruk Nordvest.

Søkjarane må disponere eigen bil. Oppstart 1. januar 2021, eller så snart råd er, etter det. Kontorplassering og løn etter avtale.

Nærare opplysningar om stillingane hjå avdelingsleiar rådgjeving Jon G. Lied, tlf. 41 44 87 79, eller dagleg leiar Stig Runar Størdal, tlf. 941 34 988.
Søknad med CV blir å sende på e-post til : stig.runar.stordal@nlr.no

Søknadsfrist: 30.oktober 2020