Generalsekretær

Generalsekretær

Fulltid

Noregs Ungdomslag

Noregs Ungdomslag er ein leiande kulturorganisasjon i Noreg. Vi har eit ansvar for å ta vare på og stadig aktualisere den folkelege og immaterielle kulturarven vår. Dette gjer vi for å styrke lokalsamfunna over heile landet. Ved å styrke enkeltindividet gjennom å utøve tradisjonelle og nye kulturuttrykk, styrker vi samstundes samfunnet og demokratiet. 

Som generalsekretær vil du ha ansvar for den daglege drifta av administrasjonen i organisasjonen, ein administrasjon med høgt kvalifiserte og engasjerte kulturrådgjevarar og medarbeidarar. Organisasjonen har kulturrådgjevarar innafor fagfelta folkedans, teater, bunad og kulturbygg.  Du vil ha ansvar for at organisasjonen sine styringsdokument vert følgd og nådd gjennom å føreslå føremålstenlege verkemiddel overfor styret. Vi ser etter deg med stort samfunns- og kulturengasjement, med ambisjonar om å bidra til vidareutvikling og synleggjering av aktivitetane til Noregs Ungdomslag i samspel med fast tilsette og frivillige. Stillinga rapporterer til styret i Noregs Ungdomslag.

ROLLE OG ANSVAR:

  • Ansvar for den daglege drifta av administrasjonen i organisasjonen, inkludert økonomistyring og rekneskapsføring
  • Kontorleiar og personalleiar med ansvar for medarbeidarutvikling og oppfølging av administrasjonens fem tilsette
  • Bidra til at visjon, verdiar og strategiar er førande for aktivitetar, organisering og leiing
  • Sikre godt samarbeid i alle delar av organisasjonen og med samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt
  • Talsperson i saker som særleg omhandlar økonomiske og organisasjonspolitiske spørsmål

ØNSKTE KVALIFIKASJONAR OG ERFARING:

  • Erfaring med personal- og adminstrasjonsleiing
  • Erfaring med å bygge og ivareta interessepolitiske relasjonar og nettverk
  • Erfaring frå frivillige organisasjonar og/eller kulturinstitusjonar
  • Samfunns- og kulturinteresse
  • Gode språkferdigheiter i nynorsk

ØNSKTE PERSONLEGE EIGENSKAPAR: 

  • Gir retning og motiverer til samarbeid og samhandling
  • God kommunikator (skriftleg og munnleg)
  • Evne til å sette seg inn i organisasjonens strategiar og fagområde, samt prioritere oppgåver og aktivitetar
  • Nysgjerrig og motivert for Noregs Ungdomslags aktivitetar, visjon og verdiar

Stillinga lysast ut som fireårig åremål med moglegheit for forlenging på inntil to periodar. Arbeidsstad er ved vårt hovudkontor i Oslo sentrum. Ein god del reiseverksemd må ein rekne med.

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, rådgjevar Cathrine Vikse Johnsen, tlf. 976 09 098 eller rådgjevar research Ida Eide, tlf. 993 68 003. Du kan også kontakte leiar i Noregs Ungdomslag, Torbjørn Bergwitz Lauen, tlf. 959 69 475.

Vis interessa di for stillinga ved å registrere CV-en din og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. Alle førespurnadar vert handsama konfidensielt – også ovanfor oppdragsgjevar i innleiande fase, dersom det er ønskjeleg.

Søknadsfrist: 26. januar 2022 – søknadane vert handsama etterkvart som dei kjem inn.

Oppstart etter nærmare avtale, ønskjeleg med oppstart mai 2022.