Leder

Gardsstyrar/avdelingsleiar

Fulltid

Hordaland fylkeskommune - Stend Vgs

Gardsstyrar/avdelingsleiar


Stend vidaregåande skule har om lag 530 elevar innan naturbruk, idrettsfag, service og samferdsle, allmennfagleg påbygging og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 170 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet.
Frå 01.11.2019 har skulen ledig stilling som gardsstyrar/avdelingsleiar
Skulegardsbruket på om lag 2000 dekar med mellom anna skog, mjølkeproduksjon og sauehald som viktige læringsarenaer for våre elevar. Vi søkjer etter ein person som er interessert i drive og utvikle skulegardsbruket slik at økonomien og læringsarenaene vert best mogleg. Gardsstyrar skal arbeide tett med dei pedagogiske avdelingane, og er saman med rektor ansvarleg for utvikling og drift av skulegarden.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for planlegging, drift og utvikling av skulegardsbruket
  • Personalansvar for dei tilsette på skulegardsbruket
  • Forvaltning av eigedomen i samarbeid med eigedomsavdelinga i fylkeskommunen. Mellom anna kontakt med leigetakarar og offentlege myndigheiter.
  • Lærar i naturbruksfag i om lag 40% av stillinga, og det er difor eit krav om at søkjar har undervisningskompetanse i fag som vert undervist på naturbruk.
  • Gardsstyrar er med i den utvida leiargruppa på skulen

Kvalifikasjonar

  • Høgare landbruksutdanning
  • Erfaring med drift og forvaltning av landbrukseigedom
  • Utdanning og erfaring frå leiing og personalarbeid er ønskjeleg.
  • Til alle pedagogiske leiarstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jamfør Opplæringslova
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Eigenskapar

  • Skulen søkjer ein person som er resultatorientert og ansvarsbevisst, og som arbeider strukturert.
  • Du må vere ein god lagspelar, men også kunne arbeide sjølvstendig.
  • God til å bygge relasjonar
  • Du må ha stort engasjement og evne til å motivere.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Løn etter fylkekommunen sitt leiar regulativ
  • Stend vgs. er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
  • Hordaland fylkeskommune satsar mykje på leiarane og har leiarprogram som skal utvikle og stimulere både nye og meir erfarne leiarar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.