Ingeniør / Rådgiver

Byggingeniør – Rådgjevar landbruksbygg

Fulltid

Norsk Landbruksrådgiving Vest

Grunna god tilgang på oppdrag, opprettar vi ei ny stilling og søker etter byggingeniør- rådgjevar i landbruksbygg i 100 % stilling, frå 15.06.2021. Norsk Landbruksrådgiving Vest skal dekke behovet for byggteknisk rådgjeving i landbruket i Vestland Fylke og i nokre kommunar på Sunnmøre. Stillinga er plassert ved hovudkontoret på Sandane i Gloppen kommune. Om ynskjeleg, kan plassering ved eit av NLR Vest sine andre 9 kontor i Vestlandsregionen bli vurdert.

Teamet vårt på landbruksbygg har no to faste medarbeidarar. Dei har desse oppgåvene:

  • Forprosjektering og kalkulering av alle typar landbruksbygg
  • Plan og teikningar for rehabilitering av bygg på garden, også andre bygg enn driftsbygnin
  • Tilstandsanalyse av eksisterande bygg
  • Prosjektering og dimensjonering av betong, stål og trekonstruksjonar
  • Rådgiving og hjelp til byggesøknad
  • Utarbeide konkurransegrunnlag og gjennomføre anbodsrundar
  • Kontrahering med entreprenørar på vegne av kundane
  • Prosjektleiing og byggeplassadministrasjon
  • Bidra til å utvikle vårt rådgjevingstilbod innan landbruksbygg

Rådgjevaren vil arbeide i eit offensivt landbruksfagleg miljø med rådgjeving, kursverksemd, informasjon og kunnskapsutvikling. NLR Vest tilbyr bøndene tett oppfølging og rådgjeving. Rådgjevar i landbruksbygg må kunne vurdere eksisterande landbruksbygg og gje råd om ombygging, påbygging eller nybygg av driftsbygningar. Rådgjevarane med spisskompetanse på landbruksbygg, arbeidar tett saman med rådgjevarane innan faga økonomi og HMS. Relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning.

Vi ynskjer ein medarbeidar med desse kvalifikasjonane:

  • Høgare utdanning innan byggfag
  • Erfaring med eller interesse for landbruksbygg
  • Erfaring frå prosjektering og kalkulasjon av bygg
  • Erfaring frå prosjektleiing og byggeplassadministrasjon
  • BIM-kunnskap og erfaring frå bruk av program som ArchiCAD og Focus konstruksjon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Gode datakunnskapar, vane med data som arbeidsverktøy
  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd.

Vi legg vekt på at søkjar har desse personleg eigenskapane:

  • er serviceinnstilt og initiativrik
  • er praktisk orientert
  • har gode samarbeidsevner, men også evne til sjølvstendig arbeid

Vi tilbyr:

  • Variert og utviklande arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa
  • Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning
  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknadsfrist: 20. april 2021.

Søknaden skal sendast på e-post til NLR Vest SA: vest@nlr.no

For meir informasjon om stillinga kontakt:

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA har 4000 medlemar og er størst innan landbruksfagleg rådgjeving på Vestlandet.

Vi er 35 fast tilsette på 10 kontor. Arbeidsoppgåvene omfattar rådgjeving og fagleg utvikling innan jord- og plantekultur, økonomi og næringsutvikling, maskinteknikk, presisjonslandbruk, planlegginga av landbruksbygg, helse, miljø og tryggleik. Vi skal vere bonden sitt fyrsteval innan rådgjeving.